NLT Indre Nordmøre

Vedtekter for Indre Nordmøre Landbrukstenester

§ 1. Organisasjon

Indre Nordmøre Landbrukstenester vart etablert 1. januar 2008. Org.nr. 971 375 426, nedanfor kalla laget, er eit andelslag etter samvirkeprinsippet med avgrensa økonomisk ansvar(BA), vekslande kapital og medlemstal. Medlemmene heftar berre med andelsinnskotet for laget si gjeld.

Laget sin administrasjon ligg i Surnadal kommune.

Indre Nordmøre Landbrukstenester er ei sammenslutning av Rindal Avløysarlag, Halsa Avløysarlag og Surnadal Avløysarlag.

Det ligg føre ei oversikt over samla kapital kvart enkelt lag går inn med. Dette skal danne grunnlaget for eventuell utbetaling dersom eit lag ønskjer å gå ut av Indre Nordmøre Landbrukstenester jamfør § 6.

Eigenkapital pr. 01.01.2008:

  • Rindal Avløysarlag kr. 154.716,-
  • Surnadal Avløysarlag kr. -150.114,-
  • Halsa Avløysarlag

Eigenkapitalen pr. 01.01.08 som kvart enkelt lag går inn med, blir korrigert med påslag/kontingent, slik at den blir lik pr. medlem i det nye laget. 

§ 2. Føremål

Laget si hovedoppgåve er å skaffe avløysing slik at medlemmene får regelmessig fritid, avlastning i onnetider og avløysing under sjukdom m.m.

Laget kan også administrere/koordinere andre former for samarbeidstiltak som kan vere med å betra medlemmene sitt driftsresultat, arbeidssituason og velferd. Det kan også vera naturleg å yte andre tenester som styrker landbruket eller vera utviklande for nærmiljøet.

§ 3. Ansvar

Laget skal vera arbeidsgjevar for dagleg leiar, og kan tilsette avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.

§ 4. Medlemskap/andeler

Dei som var medlemmer i dei tidlegare laga, blir automatisk medlemmer i Indre Nordmøre Landbrukstenester.

Laget skal vera ope for brukarar som har rett til tilskot for avløysarutgifter og/eller fått utbetalt produksjonstillegg etter forskrift om areal og kulturlandskapstillegg. Kvart medlem(driftseining) teiknar seg for ein andel. Kvar andel er pålydande kr. 100.- som skal betalst inn kontant. Andelen følgjer landbrukseigedomen. Ved eigar/brukarskifte kan andelen overførast til ny eigar/brukar. I tillegg kan styret fastsette ei administrasjonsavgift.

Administrasjonsavgifta kan vere eit fast beløp pr. medlem eller eit særskilt påslag(i %) av brutto lønn.

§ 5.  Rettigheter og plikter

Kvart medlem har rett til hjelp for å skaffe arbeidskraft/avløysing som er best mogleg tilpassa medlemmet sitt behov. Medlemmene må til ei kvar tid rette seg etter dei lover og regler som er gjeldande for velferdsordningane. Når laget står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane og lønner desse, har kvart medlem plikt til å betale kostnadene til rett tid.

Laget skal ha tilgjengeleg, og gje medlemmene informasjon og rettleiing om gjeldande lover og forskrifter for helse, miljø og sikkerheit. Laget skal ha oversikt over krav som er særleg viktig for bedrifta.

Kvart medlem har ansvar for at arbeidsmiljøet på garden(arbeidsplassen) er i samsvar med gjeldande regler i arbeidsmiljølova. Medlemmet har plikt til å gje informasjon og opplæring til arbeidstakarane etter gjeldande krav i AML og KSL.

Medlem som blir påført ansvarsskade, har sjølv økonomisk ansvar for eigenandel ved forsikringsoppgjer. Skaden må skyldast arbeidet til den tilsette.

Verneombudet kan på vegne av laget saman med dagleg leiar eller styremedlem, drive oppsøkjande verksemd til medlemmene med henblikk på forbetringar av arbeidsmiljøet.

§ 6.  Utmelding/Eksklusjon

Medlemskapet er bindande frå innmeldingsdato og fram til 31. desember, for deretter å følgje kalenderåret. Utmelding av laget skal vera styret skriftleg i hende seinast 6 månader før utgangen av året.

Medlem som overtrer vedtektene eller bestemmelser gjeve i henhold av desse, eller på anna måte unnlet å oppfylle forpliktelsane sine overfor laget, kan bli ekskludert. Styret kan fremje slike krav. Styret kan også fremje krav om erstatning for det tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret behandler saka, skal medlemmet varslast skriftleg, og at det innan rimeleg frist blir gjeve høve til å uttala seg. Medlemmet kan anke styrevedtaket inn for årsmøtet.

Ved utmelding/eksklusjon har medlemmet krav på å få tilbakebetalt andelsinnskuddet såframt laget sin økonomi gir rom for dette. Innbetalt administrasjonsavgift blir ikkje tilbakebetalt. Det kan heller ikkje stillast krav om andel av laget sine midlar(formue).

Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget.

Dersom eit av dei tidlegare laga ønskjer å melde seg ut av Indre Nordmøre Landbrukstenester, skal dette takast opp på særskilt møte i det aktuelle området. For at alle medlemmene frå nemnte områder skal gå ut av laget, må minst ¾ av møtedeltakarane stemme for. Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøtet, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev da simpelt fleirtal(50%) av stemmene frå dei oppmøtte.

Det området som vel å gå ut, skal ha med seg tilsvarande prosent av eigenkapitalen som dei gjekk inn med ved oppstartsdato.

§ 7. Årsmøtet

Årsmøtet er lagets øvste myndigheit, og skal haldast innan utgangen av mai kvart år.

Innkalling kan skje ved annonsering eller tilskriving med minst 14 dagars varsel.

Sakliste, årsmelding, rekneskap, årsplan og budsjett skal sendast medlemmene, eller bli utlagt på landbrukskontora.

Saker som eit medlem ønskjer å behandle på årsmøtet må vere kome skriftleg til styret seinast fire veker før møtet. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemmene krev det. Kvar medlem/driftseining har 1 stemme. Medlemmene kan representerast ved skriftleg fullmakt via eit anna medlem, men ingen kan møte med meir enn ei fullmakt.

Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, viss ikkje vedtektene krev noko anna. Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to medlemmer valgt av årsmøtet.

På årsmøtet skal følgjande saker behandlast: 

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Valg av møteleiar og referent.
  3. Valg av to medlemmer til å skriva under møteboka.
  4. Styret si årsmelding.
  5. Rekneskap og revisjonsmelding.
  6. Arbeidsplan for komande år.
  7. Orientering om budsjett for komande år.
  8. Godtgjersle til tillitsvalgte.
  9. Valg av:
    • styreleiar for 1 år
    • styremedlemmer for 2 år
    • nestleiar
    • varamedlemmer til styret for 1 år
    • revisor
    • valgkomite
  10. Andre saker som er med i innkallinga.
§ 8. Styret

Laget blir leia av eit styre på 5 medlemmer som blir valgt på årsmøtet.  Eit av styremedlemmene skal vere ein tilsett som er oppnemnt av og blant dei tilsette i laget.  Denne styremedlemmen kan ikkje bli valgt til leiar eller nestleiar, har ikkje stemmerett ved valg av leiar eller nestleiar, og ikkje ved valg av revisor.  Styremedlemmene blir valgt for to år om gongen. Kvart år er halvparten av medlemmene på valg, første gong etter loddtrekning. Halsa skal ha 1 styremedlem, Surnadal skal ha 1 styremedlem, og Rindal skal ha 1 styremedlem. Styreleiar og tilsette sin representant blir valgt uavhengig av kommunetilhørighet. Styret skal ha 2 nummererte varamedlemmer. Varamedlemmene går på rullering mellom dei tre kommunane.

Styret held møte så ofte leiaren finn det nødvendig, eller minst 3 av medlemmene i styret krev det.  Styret er vedtaksfør når minst halvparten av styret sine medlemmer er til stades.

Har eit styremedlem forfall, skal dette meldast frå til laget i god tid, slik at varamedlem kan bli innkalla.

Ved stemmelikhet avgjer leiaren si stemme.

§ 8.1.  Oppgavene til styret

Styret skal leie laget sine oppgaver i samsvar med vedtektene og dei vedtak som blir gjort av årsmøtet, og skal følgje dei instrukser som blir gjeve av offentlege myndigheter.

Styret skal kartlegge, organisere og administrere all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemmene får tenlege løysingar.

Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd blir utført på ein forsvarleg måte.

Vidare skal styret m.a.:

  1. Ha ansvar for at laget sin økonomi er tilfredsstillande og fastsette ei administrasjonsavgift.
    • Forvalte laget sine midler og legge fram forslag om bruk av disponible midler.
  2. Forberede og avgje innstilling i alle saker som skal leggast fram for årsmøtet.
  3. Sørge for at rekneskapet er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar.
  4. Ha ansvar for å lage årsmelding.
  5. Utarbeide budsjett og arbeidsplan for komande år.
  6. Tilsette og seie opp personale, og fastsette lønn og tilsettingsforhold.
  7. Ha ansvar for at kontoret har tilfredsstillande bemanning, og at kunnskapane til ei kvar tid står i forhold til arbeidsoppgavene. Vidare at arbeidsforhold og arbeidsmiljø er slik at dei skaper grunnlag for effektivitet og trivsel.
  8. Arbeide aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemmene til ei kvar tid får dei tenestene dei har behov for.
  9. Samarbeide med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogleg og for å styrke landbruket i lokalmiljøet.
  10. Styret kan opprette arbeidsutvalg etter behov. ( Vanlegvis samansett av styreleiar, eit styremedlem og dagleg leiar).
  11. Styret kan delegere oppgaver.

Laget forpliktar ved underskrifter av laget sin styreleiar og eitt styremedlem. Styret kan meddele prokura.

Det skal førast protokoll frå styremøtene. Utskrift av protokollen skal sendast styremedlemmene innan 14 dagar etter kvart møte.

§ 9 Valgkomite

Laget skal ha ein valgkomite på 3 medlemmer med personlege varamedlemmer. Desse blir valgt av årsmøtet for 3 år om gongen. Kvart år går eit medlem og varamedlem ut, første gong etter loddtrekning.  Den som har sete lengst fungerer som leiar i komiteen.

Valgkomiteen skal foreslå kandidatar til alle valg som skal haldast på årsmøtet. Valgkomiteen skal innstille på godtgjersle til dei tillitsvalgte. Årsmøtet kan fastsette instruks for valgkomiteen.

§ 10  Tvistar

Tvist mellom laget og eit eller fleire av laget sine medlemmer som ikkje blir løyst i minnelighet, blir avgjort ved voldgift.

Voldgiftsretten består av 3 medlemmer. Kvar av partane vel eit medlem, og sorenskrivaren i distriktet oppnemner leiaren. Viss ein eller begge partar innan fristen, som er fastsett av styre, ikkje har oppnemnt sitt medlem, blir vedkomande oppnemnt av sorenskrivaren. Krav om voldgift må vere kome til styret innan 3 månader etter at medlemmet har fått kjennskap til det forhold som grunngjev kravet.

Voldgiftsretten treffer også avgjersle om saksomkostningar.

§ 11  Vedtektsendring

Endring av laget sine vedtekter kan berre blir gjort av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Til gyldig vedtak blir det krevd 2/3 fleirtal av dei gitte stemmer.

 § 12  Oppløysing- Fusjon

Vedtak om oppløysing blir gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev ¾  fleirtal av deltakarane på møtet. Stemmeberettiga er i slike tilfelle dei som har vore medlem av laget i minst eitt år. Det er årsmøtet som vedtek oppløysing og vel eit avviklingsstyre.

For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke valg av avviklingsstyre.

Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøtet, kan eit nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev da simpelt fleirtal(50%) av stemmene frå dei frammøtte.