NLT – Norske landbrukstenester

NLT – NORSKE LANDBRUKSTENESTER.

Norske Landbrukstenester (NLT) vart starta i 1991.  Det er ein sjølvfinansiert medlemsorganisasjon for avløysarlaga og landbrukstenestene i Noreg. NLT si hovudoppgåve er å arbeida for at medlemslaga skal kunne tilby bøndene tenester av høg kvalitet. Først og fremst for å dekkje behovet for kvalifisert arbeidskraft.

NLT -arbeider for:

  • Betre samarbeid og felles målsetjing i landbruket. 
  • Betre trivsel og tryggleik for den enkelte bonde, og for arbeidstakarane.
  • Større effektivitet og opplæring. 
  • Betre ressursutnytting, både fagleg og økonomisk. 
  • Produktutvikling/informasjon.

Kva gjer NLT.

  • Samarbeidar med faglaga, staten og andre i landbruket for å oppretthalde og forbetre velferdsordningane for bonden.
  • Sørge for at kvart enkelt medlemslag er godt rusta i kvardagen. Dette gjer  NLT  ved å hjelpe medlemslaga innan:
    • Økonomi – rekneskap og lønn
    • Personalhandsaming
    • IKT
    • Bedriftsleiing
    • Reglar og forskrifter 
    • Fusjonering og samarbeid med andre

 
Klikk deg inn på NLT sin hjemmeside her: