Lars Jakob Løset årets avløysar 2013

Lars Jakob fra Rindal vart kåra til årets avløysar i Møre og Romsdal 2013. Prisen vart utdelt på festmiddagen til Høstsamlinga for Norske Landbrukstenestser på Rica Hell Hotell 23. oktober. Det var gardbrukarane Steinar Flåtten og Tron Olsen som fremma forslag på Lars Jakob til styret i Indre Nordmøre Landbrukstenester. Styret vedtok å sende nominasjonen vidare til valgnemnda i Møre og Romsdal, som gikk inn for å innstille Lars Jakob som årets avløysar 2013. Lars Jakob er tilsett som landbruksvikar ved Indre Nordmøre Landbrukstenester i 50% stilling i tillegg til å arbeide som avløysar i Rindal. Vi gratulerer Lars Jakob så mykje med prisen.