Landbruksvikarordninga

Landbruksvikarordninga

Frå 01.01.08 vart det innført ny landbruksvikarordning der avløysarlaga fekk ansvar for landbruksvikarane i staden for kommunane.  2008 var eit overgangsår, men frå 01.01.09 er det kun avløyarlaga som får tilskot til denne ordninga

Vi har 4 landbruksvikarer, 2 stk tilsett i 100% og 2 stk i 50%.  Vi har tilsaman godkjent tilskot til 2,5 årsverk.  Ordninga har så langt fungert svært bra.

Korleis skal vi få ein god beredskap til å fungere?

Forskrifta stiller ingen krav om at bøndene skal bruke landbruksvikar ved sjukdom, men likevel er det nødvendig å ha nokre reglar for å få ordninga til å fungere etter formålet:
Alle henvendelsar angåande landbruksvikar skal skje gjennom avløysarlaget. Ikkje ring landbruksvikarene direkte, eller til kommunen.

Ved sjukdom må du alltid ta kontakt med lagets kontor for å høyre om det er ledig landbruksvikar. Er det ledig skal denne nyttast så langt som råd. Sykdom og kriser blir prioritert først.

For å oppretthalde ein stabil beredskap må bøndane vere villige til å bruke landbruksvikaren til anna avløysning/arbeid, – for eksempel ferie og fritid, – når det ikkje er sykdom. Sjå under.

Bestill landbruksvikaren så tidleg som råd.

Sykdom og kriser skal prioriterast!

Landbruksvikarordninga skal prioritere sykdom og kriser, men kan og brukast til anna arbeid og ordinær avløysning når avløysaren ikkje er i sjukdomsavløsing. Det er ikkje krav om medlemskap i avløysarlaget for å bruke landbruksvikar.

Eigenandel frå brukarne er:
Sykdom:Pris 1530,- pr dag.Ferie/fritid:Hverdager er prisen 1650,-pr.dag og på helg er prisen 1800,- pr.dag.