Frå 01.01.08 vart det innført ny landbruksvikarordning der avløysarlaga fekk ansvar for landbruksvikarane i staden for kommunane. 2008 var eit overgangsår, men frå 01.01.09 er det kun avløyarlaga som får tilskot til denne ordninga
Ifrå 2008 fekk vi tilsett 3 landbruksvikarer i 50% kvar, to i Rindal og ein i Halsa. Og vi har teke over administrasjonen av den kommunale landbruksvikaren i Surnadal. Vi har tilsaman godkjent tilskot til 2,5 årsverk. Ordninga har så langt fungert svært bra.
Korleis skal vi få ein god beredskap til å fungere? Forskrifta stiller ingen krav om at bøndene skal bruke landbruksvikar ved sjukdom, men likevel er det nødvendig å ha nokre reglar for å få ordninga til å fungere etter formålet: Alle henvendelsar angåande landbruksvikar skal skje gjennom avløysarlaget.
|
| Sykdom og kriser skal prioriterast ! |
| Landbruksvikarordninga skal prioritere sykdom og kriser, men kan og brukast til anna arbeid og ordinær avløysning når avløysaren ikkje er i sjukdomsavløsing. Det er ikkje krav om medlemskap i avløysarlaget for å bruke landbruksvikar. Eigenandel frå brukarne er : kr 1130,- pr dag. Likt med maks dagsats for sjukerefusjon. Ved oppdrag til ferie/fritid blir det fakturert kr. 1250,-. For avløysing på laurdag og søndag er dagsatsen KR. 1600,-. |

